Hardanger Akvasenter ville gjere noko meir. Vise fram korleis dei arbeider og tilby noko ekstra. Resultatet vart landets fyrste visningsanlegg for oppdrett av fisk, og ein restaurant med eit rikhaldig utval av utsøkte lakserettar.
Som dei første i Noreg opna Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg for fiskeoppdrett i 2007.
– Senteret gir eit unikt høve til å lære laksenæringa å kjenne. Her er det samla informasjon og kunnskap slik at ein kan sjå korleis laksen lever, seier Åsta Haugarvoll, dagleg leiar ved senteret.
– Ute på anlegget har vi fleire kamera og skjermar der ein får sjå korleis laksen har det i merdene. Vi er opptekne av at fisken skal ha god plass, og med alt ferskvatnet frå fjellet har vi friske og glade laksar, fortel ho.
Kulinariske opplevingar
I andre etasje over forflåten ligg restauranten som kan huse opp til 100 personar.
– Eg er oppteken av god mat og likar å koke, seier Åsta.
At dette er noko ho kan og trivast med er tydeleg når ein ser buffeen. Her er gravlaks, sylta, rå, bakt og marinert laks, sushi og patée.
Mange besøkande
– Journalistar og folk frå næringa kjem frå inn- og utland og nyttar lokalene våre til møter, visningar, konfirmasjon og andre arrangement.
Ho legg til:
– Nyleg var Norges Handelshøyskole sin sommarskule her for 6. året på rad. Skussmåla då dei gjekk var, «Amazing, people, amazing nature, amazing food». Klart det er kjekt når folk er nøgd, ler Åsta.
Gunnar Nagell Dahl,
Festivalsjef
Telefon 55572150
Mobil 95 11 84 90
E-post gnd@fmho.no
Copyright © 2014
All rights reserved